Før i tida nr 9 klar for salg

8. november, 2006

Det er med glede vi no kan presentere den 9. utgåva av ”Før i tida…”.
Vi er glade for at heftet i år kjem så tidleg at folk kan få kjøpt det i god tid før jul. For mange har heftet blitt ei gild julegåve, både til å gje og få.


Vi er og glade for innhaldet i heftet.  Det er imponerande kor mange skriveføre folk det er i bygda og med tilknytning til bygda.  I år har vi fått så mykje stoff at fleire gode artiklar må ligge over til neste år.
Det er greitt for redaksjonen, men kanskje ikkje så gildt for dei som har skrive og ventar å få sjå sin artikkel på trykk.  Men vi ønsker framleis meir stoff og idear til stoff.  Ta kontakt med oss i redaksjonen om du har noko du vil skrive om, eller veit om noko som burde skrivast om.

Peder Tellefsdal var ein velkjend person i bygda.  I Lars Aasbøs artikkel får vi møte han frå ein ny vinkel, som bestefar.  Vi er og glade for å kunne presentere på trykk Trygve Aplands velkjende dikt ”Kristians møte med elj”.  Det lever framleis i folkemunne i bygda, men det kan vel vere greitt å få det på trykk.  Elles har vi fått med artiklar som fortel om ulike folk og hendingar i bygda.

Artikkelen ”Samlerglede på Moe” tar føre seg teknisk historie, noko historielaget ikkje har engasjert seg så mykje i tidlegare.  Den fortel og om noko som er viktig for historieinteresserte, å samle.  Vi ønsker å følgje dette opp med artiklar om andre samlarar seinare, og tar gjerne imot tips.

Også i år har vi fått med mange interessante bilete.  Særleg gildt er det å vise 1. klassene på de to barneskulane i bygda.
"Før i tida…” side 47 – bilde fra søndagsskolen på Fiane i 1969.
Det er en person på bildet vi ikke klarte å identifisere innen bladet gikk i trykken.
Personen markert med et ? er: Solbjørg Heiland (født Kittilsen).

Søk

Handlekurv

Totalt: 0.00 kr
Handlekurven er tom.

Kategorier

Nyhetsarkiv

Bli medlem!

For å melde deg inn i Gjerstad historielag, klikk her.

Lik oss på Facebook