Folkevandring på krigsminnestien

30. september, 2012

Den offisielle opninga av Krigsminnestien på søndag blei ei verdig og interessant markering for dei 160 som tok turen inn til Sjølvskottjenna.

Folk i alle aldrar strøymde på i lang rekke både frå Torbjørnsli innanfor Kleivvann og frå Marksettjenna. Resultatet blei ein godt merka og oppgått sti som nå kan brukast av historieinteresserte turfolk.

Inne ved Sjølvskottjenna samla folk seg i lia tett som i eit fuglefjell. Der fekk vi med oss historia om flysleppet frå England som blei tatt i mot her av Milorg i Gjerstad for nøyaktig 68 år sidan, den 30. september 1944.

Ordførar Kjell Trygve Grunnsvold starta feiringa ved å minne om den viktige innsatsen for fred og fridom som desse unge karane la ned i denne utrygge tida for landet vårt. Han uttrykte stor respekt for arbeidet til heimfonten i Gjerstad. Etterpå avduka han det nye minnesmerket over flysleppet og vi song nasjonalsongen. Denne fine broseplaketten, som er laga av Svein Brekka, er festa rett på fjellet og viser sleppgjengen med fly og fallskjermar. Det er også satt opp ei informasjonstavle på staden.

Ole Jørn Alfsen heldt eit interessant foredrag om flysleppa som kom frå England i store Short Stirling bombefly. Han hadde sjølv vore i kontakt med Bill Stoneman, som var haleskyttar på flyet som deltok i sleppet her på Sundsmyrane. For nokre år sidan blei det til stor glede for leiaren av sleppgjengen Nicolay Aasbø, formidla kontakt med haleskyttar Stonemann. Vi fekk høyre om utfordringa dei hadde med flyging i måneskinn over ukjend landskap fram til slepplassen, utan å bli oppdaga av dei tyske nattjagarane.

Alfsen framheva innsatsen til Nicolay Aasbø som leia operasjonen på ein framifrå måte, og sørgja for at sleppet blei gøymt vekk i god tid før tyskarane oppdaga staden.

Jens Jacob Aasbø trollband forsamlinga når han fortalde om sin familie, som var så sterkt engasjert i illegalt arbeid under krigen. Alle visste at noko føregjekk, men ingen spurte. I gangen der heime stod det alltid ein fullpakka ryggsekk. Både far, bestefar og onklar var med og tok i mot flysleppet. Fleire gonger blei det meldt flyslepp, og Anders Trydal måtte lyge for sin sytten år gamle kjæraste Solveig og springe på skogen.

Særmeldinga frå London radio kom 30. september og Nicolai Aasbø, Jacob Aasbø, Jens Aasbø, Jacob Trydal, Tengel Haugen og Finn Kveim la på sprang inn til Sundsmyrane. Snart hang 24 fallskjermar og lyste opp i måneskinnet. Heile 6 tonn med våpen og utstyr blei samla saman og gøymd i helleren ovanfor Sjølvskottjenna. Dei neste nettane blei fleire med på å bære tunge bører til nye gøymestader, og fordelt til Milorg i Åmli, Gjerstad og Akland.

Vi fekk sjå ei Lee-Enfild rifle som var komme med flysleppet her inne og ein fallskjerm frå eit tilsvarande fly som styrta ved Vierli. Ennå ligg det restar av containerar ved Sjølvskottjenna og emballasje av finer oppe i helleren. Dette må få ligge urørt til minne om ei tid då unge menneske med livet som innsats kjempa ein viktig kamp for vår fridom.

Takk til alle som har rydda sti og stelt til dette fine arrangementet, som var eit godt samarbeid mellom Havrefjell Turlag og Gjerstad Historielag. Ein spesiell takk til Jostein Vestøl, som har vore drivkrafta og har lagt ned svært mykje arbeid til glede for alle som nå kan gå denne godt merka løypa inn til dette spesielle krigsminnesmerket. 
(Tekst: Ole Jacob  Bråten. Foto: Astrid H. Bråten og Jostein Vestøl).

Søk

Handlekurv

Totalt: 0.00 kr
Handlekurven er tom.

Kategorier

Nyhetsarkiv

Bli medlem!

For å melde deg inn i Gjerstad historielag, klikk her.

Lik oss på Facebook